Oresteia - Aiskylos, gjendikting avJon Fosses
Det Norske Teatret Oslo Premiere oct 2021

Omarbeiding: Cecilia Ölveczky og Eirik Stubø
Regissør: Eirik Stubø
Scenograf og kostymedesignar: Erlend Birkeland
Lysdesignar: Ellen Ruge
Videodesignarar: Eirik Stubø og Emi Stahl
Lyddesignar: Vibeke Blydt-Hansen
Maskedesignar: Ida Frithioff
Dramaturgar: Cecilia Ölveczky
og Ingrid Weme Nilsen 

Foto: Erik Berg

 

Kor går grensa for menneskas ansvar? Kan enkeltmennesket bli halde ansvarleg for sine eigne handlingar, eller ligg det eit nivå over oss, som kan orsake oss for feiltrinna våre?

Det finst nesten ingen grenser for kva menneska i denne tragedien skal gjennomleve. Her er svik, krig, offer, hemn, drap, kjærleik og lidenskap. Her er guddommelege menneske og menneskelege gudar, og ikkje minst er her interaksjon mellom gudar og menneske. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens i mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss frå?

Framsyninga er laga av regissør Eirik Stubø, som saman med sitt solide kunstnarlege lag nok ein gong gyv laus på ein klassisk tekst gjendikta av ein av dei største dramatikarane i vår tid, Jon Fosse.